top of page
prisliste 2024
Ta kontakt
for å bestille

Takk! Melding er sendt.

Miljøsertifisert av Green Key

Jostedal Hotell er frå 1. oktober 2020 miljøsertifisert av Green Key. Dette inneber at me oppfyller visse miljøkrav og arbeidar kontinuerleg for å bli betre på bærekraft.

 

Nokre av våre miljøtiltak er at me nyttar miljømerka vaskemidlar så langt som råd og kjeldesorterer stadig meir av eige og gjester sitt avfall. Me har også etablert rutinar og gjennomført endringar med mål om å redusere vass- og energiforbruk. Til dømes går dette på belysning, vasstrykk, oppvarming og ventilasjon. Personalet vårt er også involvert i miljøarbeidet og får årleg opplæring. Vidare har me eit godt samarbeid med lokale partnarar og tilbyr eit mangfald av lokale produkt innan mat og drikke. 

Green Key er ei miljøsertifiseringsordning for hotell, overnattingsstadar og andre reiselivsbedrifter. Føremålet til Green Key er å fremme bærekraftig turisme, og å bidra til førebygging av klimaendringar ved å påskjønne og støtte verksemder som gjennomfører positive miljøtiltak. 

Les meir om miljøsertifiseringa Green Key her.

bottom of page