top of page

Vinter i Jostedalen

I Jostedalen ligg det godt til rette for eventyrlege vinteropplevingar. Midt mellom brefall og snørike fjell kan du bu og ete godt på Jostedal Hotell, det perfekte utgangspunktet for aktivitetane i dalen. På dagtid kan du ilag med guide oppleve blåisen i Nigardsbreen, toppturar i nydeleg skiterreng eller trugetur i brelandskapet. Her er du garantert eit minnerikt opphald! 

Vinteroppleving – helg
 

Nyt ei helg med vinteraktivitetar i Jostedalen. Opphaldet inkluderer:
To overnattingar i dobbeltrom inkl. frukost, niste, termos med varm drikke og to-rettars middag ved Jostedal Hotell.

 

Du kan velje 1 av desse 3 aktivitetane laurdag: 

  • Tur til Nigardsbreen på jakt etter blåisgrottene med guide frå Snøsikker

  • Trugetur og bålkos i brelandskapet med guide frå Breheimsenteret

  • Topptur på randonée med guide frå Jostedal Ski 

 

Pris frå kr 2400 per person. Ta kontakt for tilbod! 

Blåisgrotta Photo Thomas Morel.jpg

Vinteroppleving – langhelg
 

Unn deg ei langhelg fylt med vinteraktivitetar i Jostedalen. Opphaldet inkluderer:
Tre overnattingar i dobbeltrom inkl. frukost, niste, termos med varm drikke og to-rettars middag ved Jostedal Hotell.


Du kan velje 2 av desse 3 guida aktivitetane på dagtid:

  • Tur til Nigardsbreen på jakt etter blåisgrottene med guide frå Snøsikker 

  • Trugetur og bålkos i brelandskapet med guide frå Breheimsenteret

  • Topptur på randonée med guide frå Jostedal Ski 


Pris frå kr 4500 per person. Ta kontakt for tilbod! 

bottom of page