Login

Login Close
---

Jostedal Hotell

---
HEIM / OM HOTELLET
A+ R A-

Jostedal Hotell

E-post Skriv ut PDF

jostedal-hotell

Nær Jostedalsbreen nasjonalpark og Sognefjorden ligg Jostedal Hotell, eit godt og moderne hotell med 46 senger, og eit ypperleg utgangspunkt for fjell- og breturar. Breheimen og Jotunheimen er næraste grannar, og på Jostedalsbreen har Jostedalen Breførarlag eit stort utval turar, særleg på Nigardsbreen. Icetroll tilby kajakkturar på Styggevatnet og Tunsbergdalsvatnet. 
På Breheimsenteret finn du alt du treng å lære om natur og kultur i Jostedalsbreen Nasjonalpark. 
I elva som renn gjennom Jostedalen kan du fiske, det same kan du gjere i dei mange fjellvatna rundt Jostedalen.  Fiskekort får du kjøpt på hotellet.

Vi kan tilby det meste av nødvendig utsyr til kurs og konferansar som prosjektor,overhead,flipover,trådlaust internett m.m. I tillegg til hotellet har me restaurert ei smørstove frå 1800-talet, som er perfekt for spesielle arrangement. Hotellet er kjend for personleg service,god heimelaga mat og store porsjonar.Hotellet satsar mykje på lokalbasert meny med mykje eigenproduserte råstoff frå  garden,i tillegg til å nytta råvarer og produkt frå området rundt. Hotellet sine heimelaga kjøtkaker med masse saus er vide kjent!

Jostedalen er den beste plassen å vere dersom du er interessert i natur og friluftsliv. Her har me aktivitetar som breturar på Nigardsbreen, kajakkpadling på Styggevatnet, rafting i Jostedøla, mange ulike skiaktivitetar om vinteren og mykje meir.

Me lovar deg spennande og koseleg opphald i Jostedalen!

Jostedal Hotell • Gjerde • 6871 Jostedal • NORWAY • post@jostedalhotel.no • T: (+47) 57 68 31 19 • M: (+47) 992 25 049 • F: (+47) 57 68 31 57